Verdas eldste person er død

Japanske Nabi Tajima blei 117 år.

Ein offisiell tenestemann i byen Kikai sør i Japan fortel at Tajima døde på eit sjukehus i byen laurdag, skriv ABC Nyheter. Ho hadde vore på sjukehus sidan januar.
Tajima vart fødd 4. august i år 1900, og skal ha over 160 etterkomarar, inkludert tipp-tipp-tippoldebarn.

Tajima fekk tittelen verdas eldste person for sju månedar sidan etter at Violet Brown frå Jamaica døde i ein alder av 117 år.