Gjekk berrføtt 385,2 meter på LEGO

Har du nokon gong tråkka berrføtt på ein LEGO-kloss? Eller snubla over ein haug med desse bitane med ganske skarpe kantar?

Vertane frå Lego sitt eige YouTube-show Rebrickulous prøvde nyleg å sette verdsrekord i å gå berrføtt på LEGO.

Dei laga ein bane for å sjå om det var mogeleg å slå den tidlegare rekorden.

Ein av vertane for showet, Dimitry, vart den som måtte ofre føtene i rekordforsøket. Klarte han å slå rekorden?

SJÅ VIDEO AV REKORDFORSØKET ØVST I SAKA!