Aldri gi opp!

For eit tid tilbake spurte vi lesarane om nokon ville skrive bokmelding av Der ingen finn oss. No har vi fått inn ei bokmelding frå ein lesar som verkeleg anbefalar boka vidare.

DER INGEN FINN OSS
  • Tittel: Der ingen finn oss
  • Forfattar: Mathias Nyhagen Asplund
  • Forlag: Cappelen Damm
  • Målform: Nynorsk
  • Sidetal: 121
LES FAKTALUKK FAKTA

Boka handlar om ein gut som har ein sjukdom, og om ei jente som ikkje likar seg på skulen. Dei møtes mellom blokkene og blir gode venar der, saman dreg dei inn i ei ny verd av fantasi.

Eg trur sjangeren er fantasy, fordi sjølve handlinga skjer jo inne i fantasiverda deira.

Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg. Ho starta ikkje så brått og handlinga byggjer seg opp utover i boka. Boka hadde eit viktig emne og det var:   – aldri gi opp.

Eg synest absolutt at andre burde lese denne boka!

Av Linnea Øyrann, 6. klasse, Valle skule

Vil du skrive bokmeldingar? Send inn til oss på tips@framtida.no