Verdas dyraste sjokoladebit seld i Portugal

Ein liten sjokolade vart seld for 77.000 kroner!

Ein heilt spesiell, diamantforma sjokoladebit vart nyleg vist fram på ei internasjonal sjokolademesse i Obidos i Portugal, skriv NRK.

Ifølgje Guinness rekordbok er dette den aller dyraste sjokoladen i verda.

Daniel Gomes, som har laga sjokoladen, fortel at det berre er laga 1000 sjokoladebitar. Alle er seld til folk over heile verda.

– Vi har seld sjokoladen til kundar i Dei foreinte arabiske emiratane, Russland, Angola, Brasil og Argentina.

Den inneheld tråder av safran, kvit trøffel og vanilje frå Madagaskar. Den er også dekka av flak med 23 karat gull, ifølgje Gomes.