Bokmelding: – Tårer er tankar vi ikkje klarar å seie

Espen Decco er aktuell med barneboka "Tårer forandrer ingenting". Ein barneroman som tek for seg sorga ein kan kjenne på, etter at ein har mista nokon ein er veldig glad i.

Bok: Tårer forandrer ingenting
  • Forfattar: Espen Dekko
  • Forlag: Gyldendal, 2018
  • Sjanger: Barneroman om sorg
  • Målform: Bokmål
  • Sider: 176
LES FAKTALUKK FAKTA

Vi møter eg-forteljaren som er på sommarferie hos farmor og farfar. Det er farfar si favoritttid, fordi då brukar eg-forteljaren å kome på besøk. Eg-forteljaren er ei jente, og ho har nettopp mista pappaen sin. Denne sommarferien opplever jenta kor skjørt livet kan vere. For det er jo slik med livet. Vi veit ikkje kva som vil skje i morgon.

Ein merker raskt at boka vil få deg til å svelgje. Du veit den kjensla når det kjennest ut som du får ein klump bak i halsen fordi du er trist.

Trygge personar

Farmora er ein slik fin person som får til alt. Det er berre eit vips så er den beste desserten på bordet. Ho er av sorten som vaskar opp for hand sjølv om ho har oppvaskmaskin.

Farfaren er også av den gode sorten. Ein person som jenta kan le saman med, men som også får ho til å opne seg. Han er med på å utforske livet gjennom leik og samtalar.

Besteforeldra bur på bygda, ved sjøen. Farfar køyrer traktor og har ein fiskebåt, med den viser han jenta kvalar som dansar ute på havet. Måsane skrik høgt over himmelen. Det er mykje natur i forteljinga, noko som får tankane og leiken til eg-forteljaren til å verke store.

Gripande og spanande

Boka har korte setningar. Det er ingen unødvendige ord eller uttrykk som skal forfine språket. Historia hoppar litt frå no-tid til å ta oss inn i tankane frå då pappaen levde.

Kapittelet  “Begynnelsen på slutten”, er gripane og godt skrive, og ein kjenner den desperate kjensla hovedpersonen har når pappaen fortel at han skal dø. Dette er hjarteskjerande.

Mot slutten av boka er forteljinga ekstremt spanande. Eit vendepunkt i forteljinga får deg til å ikkje legge frå deg boka. Det er nok her den beste delen i historien ligg.

Ein treng ikkje vere sterk

“Ingen trenger å være sterk hele tiden. Da sliter vi oss ut. Noen ganger trenger vi bare å være. Være sånn vi føler det inne i oss.”

Desse setningane fortel mykje av bodskapen i boka. Barn kan kjenne på sorg slik som vaksne kjenner sorg. Barn er kloke,  dei har fine tankar. Men sjølv om fantasi, leik og moro finst i eit barn, er alvoret der også. Av og til er det vanskeleg å vere sterk. Det kan vere vanskeleg å grine. Men når ein fyrst gjer det, så kan det vere så himla godt. Som forfattaren skriv: «Tårer er tanker vi ikke klarer å si».

Espen Decco er dukkespelar og instruktør. I fjor kom han med ei billedbok som heiter P+E.