Likar å lage listebok

Sáve Márjá Jávo (12) såg ein video på YouTube om lister, og har laga seg ei heilt spesiell bok.

– Mamma og eg har starta på noko som heiter «bullet journal», som er ei skrivebok du kan skrive mange ulike lister i.

Sáve Márjá starta på boka i august i år, og synest det er fint å skrive lister slik at ho slepp å gå rundt og huske på alt mogeleg.

– Alt står jo i boka, så eg kan berre sjekke der. Eg likar også å gjere det veldig fint, og teikner ein del i boka mi. Så skriv eg fine sitater eg finn på nett og andre stader, fortel ho.

Mammaen hennar, Áile Jávo, har også ei slik bok.

– Av og til lagar eg og mamma lister saman. Det er veldig koseleg at me har same «hobby», seier Sáve Márjá.

Her er listene Sáve Márjá har skrive så langt i si bok:

  • Årskalender der eg har skive inn ting eg veit kjem til å hende, som til dømes bursdagar, haustferie, Halloween og jul.
  • Sommarminner frå i år
  • Oversikt over vær
  • Vanar eg har
  • Humøret mitt frå dag til dag
  • Kva me gjer dei ulike dagane
  • Kva me har spist til middag.
  • Positivitetsliste, der eg skriv ned ein positiv, fin ting kvar dag.  
  • Ønskeliste
  • Lekser og timeplan.
  • Plassar eg vil reise til
  • Plassar eg har vore