SJÅ VIDEO: Framtida junior møtte Erna Solberg

To spente Juniorjournalistar, Diana og Hakeem, fekk møte statsministeren for å stille nokre av dei nær 400 spørsmåla vi fekk inn frå barn rundt i Noreg.

FAKTA OM ERNA:
  • Erna Solberg (56)
  • Statsminister og leiar i partiet Høgre
  • Favorittserie på tv: Game of Thrones
  • Favorittbok: Ringenes Herre
  • Favoritt-teikneserie då ho var liten: Sølvpilen
  • Dyr: Hadde fire lundehundar då ho var liten
LES FAKTALUKK FAKTA

Hakeem og Diana er godt førebudd. Og no er dagen her då Erna skal ta oss imot. Med fine klede, og blokka fulle av spørsmål møter vi på kontoret til statsministeren.

Diana fortel at ho sov kjempedårleg i natt.

– Eg har litt vondt i magen og er veldig nervøs, seier ho.

Å møte ein person som ein berre har sett på TV kan gjere ein nervøs, men Hakeem prøver å tenkje at ho er eit heilt vanleg menneske med ein litt spesiell jobb.

– Men ho er den mektigaste personen i Noreg, seier han.

Er nysgjerrige

Begge juniorjournalistane er spente på korleis Erna er som person.

– Ho er eit heilt vanleg menneske, med vanlege kjensler, så ho kan nok bli lei seg, seier Diana. – Jobben er nok veldig stressande. Ho må på møte, pause, nytt møte. Og slik held ho på.

– Det må vere ganske vanskeleg å styre Noreg, men eg trur ho kjem til å gjere ein god jobb dei neste fire åra, seier Hakeem.

Hakeem og Diana var på besøk hos Erna Solberg.

På kontoret til Erna

Erna tek oss imot på sitt store kontor. Etter at vi helsar set vi oss ned og stiller henne mange av spørsmåla.

Thomas og Ole sendte inn spørsmål og lurte på kva Erna tenkte om at den fyrste nynorske barneavisa har kome.

– Det er ikkje så mange barneaviser totalt sett, men det er fint at dei som har nynorsk som hovudmål får lese barnenyhende på nynorsk, seier Erna.

Mange av spørsmåla som kom inn dreia seg om korleis Erna var som barn.

– Då eg var liten tenkte eg at eg skulle bli lærar. Mor og far min jobba på kontor, som eg ikkje heilt forstod kva var, så då tenkte eg at lærar var fint, seier Erna.

Nokre råd frå Erna

Erna har også nokre råd til dagens barn og unge.

– Mitt råd er at dykk må jobbe godt på skulen. Har du problem så må du be om hjelp, og ikkje vere redd for å ta det opp med ein lærar.

Det er alltid vanskeleg å vite kva ein skal bli, men Erna har nokre tankar om det også.

– Når det kjem til kva ein skal bli så er det viktig å tenke at du må jobbe med noko du har lyst til å gjere, og som kan gje deg ein jobb i framtida som gir deg løn.

– Det er sikkert mange som kunne tenke seg å bli songar eller dansar, men det er ikkje mange som klarar å leve av det.

Etter intervjuet

– Det var veldig gøy! Og ho er veldig snill, seier dei begge i kor.

Hakeem, som var minst nervøs før han gjekk inn, merka nervane undervegs.

– Eg var veldig nervøs, seier han. – Eg smilte automatisk. Det blei så rart, for smilet hengte seg liksom opp

Det Diana hugsar best frå intervjuet er at Erna er mest glad i hundar, og at ho hadde hatt fire Lundehundar då ho var yngre.

– Eg hugsar best at ho likte Game Of Thrones, seier Hakeem.  – Det var ikkje heilt forventa.

Her kan du lese nokre av svara frå statsministeren