Erna er populær

Statsminister Erna Solbergs Høgre har hatt ein kraftig framgang i oppslutninga under koronakrisa, viser snittet av målingar for april.

Saka er henta frå Framtida.

Det er vanleg å lage meiningsmålingar for for å sjekke korleis dei ulike partia i Noreg gjer det.

No viser ei fersk meiningsmåling at mange er svært nøgd med jobben Erna Solberg og partiet Høgre har gjort under koronakrisa.

Høgre og Erna Solberg får i gjennomsnitt 26 prosents oppslutnad denne månaden, viser oversikta på nettstaden Poll of polls.

I mars var oppslutnaden på Høgre på 20,5 prosent.

Høgre har dermed fått eit tydeleg løft sidan regjeringa 12. mars kunngjorde dei mest inngripande tiltaka i fredstid og stengde mykje av landet.

Dersom snittmålinga var eit stortingsval, ville partiet fått 48 mandat, tre fleire enn i dag.

Høgre er dermed det største partiet i landet, ifølgje målingane.

Det største opposisjonspartiet Arbeidarpartiet, ligg i snitt på 24,9 prosent, ein ørliten framgang i april. Med eit slikt valresultat ville Jonas Gahr Støres parti fått 46 mandat, tre færre enn i dag.