Erna svarar på lesarspørsmål

Framtida junior fekk besøke Erna Solberg der vi fekk stille ho spørsmål som vi fekk innsendt. Nesten 400 spørsmål kom inn. Her har vi samla ei lett blanding.

Liv Marit og Didrik lurar på korleis det er å ha dysleksi

Det er mange måtar å ha dysleksi på. Nokre har problem med å lære å lese, men det hadde ikkje eg.

Eg hadde problem meg å stave riktig. Då eg gjekk på skulen, var det ikkje så mange lærarar som kunne så mykje om dysleksi. Eg kunne skrive veldig mykje feil, og eg fekk mange raude strekar.

Når du er vaksen er det ikkje så vanskeleg å leve med det, for vi har så mange retteprogram på dataen, og det er mykje kunnskap om dette. I tillegg har eg mange folk rundt meg som kan rette det eg skriv.

Det viktigaste er at lærarane veit korleis ein skal be om hjelp til korleis ein kan handtere det.

Sunniva og leon lurar på kva som er favorittboka di, og kor gamal du var då du las di fyrste bok.

Eg leste nok mi fyrste bok då eg gjekk i andre klasse.

Favorittboka mi har forandra seg litt undervegs, men Ringenes Herre var ei flott historie som eg las.

Elise skriv: Når politikarar diskuterar på TV så høyrest det ut som de er slemme mot kvarandre. Blir du aldri såra? For dykk er jo menneske de også. Kva tenkjer du om det?

Det hender at eg blir irritert, men såra blir eg ikkje. Når du står og diskuterar med dine politiske motstandarar så veit du at dei forsøker å vinne og få fram sine meiningar og saker. Og eg gjer det same.

Eg synest vi har blitt snillare enn det vi var før. Ein ein tenkje at når ein er politikar så har ein ei rolle, og det går ikkje på deg som person. Ein kan ikkje ta det personleg.

Caroline: Kva skal Noreg tene pengar på når olja tek slutt?

Det skal vi gjere på veldig mange forskjellige ting.

Vi skal tene pengar på at Noreg er eit fantastisk vakkert land, som mange turistar vil kome å besøke.

Vi skal tene pengar på det vi alltid har vore gode på, nemleg sjømat.

Før olja så levde vi nordmenn av fiskeri og eksport til utlandet.

Heile det maritime blir vikig. Med båtar og den store maritime sjøflåta vi har. Havet har alltid vore viktig for oss nordmenn.

Og så kjem teknologi til å vere viktig.

Solan har to spørsmål: Likar du å bli intervjua, og har du hatt andre jobbar?

Eg synest det er greit å bli intervjua.

Eg har hatt andre jobbar. Eg var sekretær i Operasjon Dagsverk i nesten to år.

Linnea og Gunnar skriv: Kvifor kostar det å gå på kino og bade i symjehallen?

Det kostar fordi det kostar å drive desse stadane.

Det er dyrt å drive symjebasseng, og det er dyrt å drive kino.

Det er kanskje rettferdig at du er med på å betale litt når du går på kino eller brukar symjebassenget. For då slepp dei som ikkje brukar desse tilboda å betale for at du skal få symje eller gå på kino.

Thea, Julia og mange andre lurar på om du har hatt kjæledyr og kva dyr er ditt favorittdyr.

Eg har ikkje kjæledyr no, men då eg var liten hadde vi på det meste fire Lundehundar, så eg synest nok at hund er det finaste dyret.

Patrik har eit kort spørsmål og det er: Et du taco eller kebab?

Det er nok Taco.

Ein gut frå Sagvåg skule skriv: Kvifor må vi betale skatt?

Det må ein fordi skatten er med på å finansiere vegar, skular og alle dei tinga vi likar og er glad i. Skatt er det vi betalar saman slik at vi får alle dei fine fellesgodene vi har.

Aurora lurer på kva favoritt TV-programmet ditt er, og favoritt teikneserien din er

Game of Thrones er nok favorittserien min, og favorittteikneserien min då eg var liten var Sølvpilen. Den synest eg var veldig stilig.