Erna om klima og flyktningar

Framtida Junior fekk møte statsminister Erna Solberg og stilte ho mange av dei spørsmåla vi fekk inn frå barn rundt omkring i Noreg.

Hakeem og Diana var på besøk hos Erna Solberg.

Ida Elisabeth og Magnus skriv: Kva gjer statsministeren for å hindre klimaendringane?

Dette er eit stort spørsmål, som eg kunne fortalt mykje om, seier Erna.

Noregs ansvar er å få ned miljøutsleppa frå biltrafikken, og minske CO2 utsleppa. Det er å få fleire bilar som slepp ut mindre CO2, og færre lastebilar.

Det gjer vi med å få fleire til å bruke nye drivstoff på bilar, lastebilar, ferjer.

Noreg og Europa har eit felles ansvar om å få ned utsleppa frå industrien.

Kristoffer og Amalie: Kva vil skje med forureininga i framtida?

 Eg trur og håpar at vi klarar å gjere noko med klimautfordringa, som gjer at vi slepp ut mindre CO2, eier statsministeren og held fram;

Med nye bilar trur eg det vil bli betre luftkvalitet.

Så har vi ein stor jobb med plastforureininga i havet. Det må vi sørge for å bli betre. Vi må klare å handtere søppelet vårt på ein ordentleg måte.

(Framtida Junior har korta ned svaret)

Anders og Ole skriv: På MGPjr var det mange som song om flyktningar. Kvifor slepp vi ikkje inn fleire flyktningar til Noreg?

Vi har to typar flyktningar, seier Erna.

Den eine er dei som kjem som asylsøkjarar. –Kven som får opphald, er avhengig av kven som kjem.

Den andre er kvoteflyktningar. Noreg har tatt imot mange. Når det gjeld kvoteflyktningar så er Noreg eitt av dei landa i den vestlege verda som per innbyggar har tatt imot flest kvoteflyktningar dei siste 20 åra.

Av og til høyrest det ut som vi ikkje tek imot mange, men det har vi altså gjort.