Erna svarar på spørsmål

Statsministeren hadde pressekonferanse for alle barn i Noreg. – Det er lov å vere redd, sa Erna.

Sjølv om det er lov å vere redd, hadde Erna fokus på å roe oss ned.

Erna fortalte at for dei fleste av oss er det ufarleg å bli sjuk av koronaviruset.

Dei fleste barn som blir smitta merkar det berre som ei vanleg forkjøling.

Grunnen til at vi må vere ekstra forsiktige er for å hjelpe dei som har andre sjukdomar, eller som er gamle og svake. Dei kan nemleg bli alvorleg sjuke dersom dei får koronaviruset.

– Det er derfor vi må passe på at dei ikkje blir smitta, seier Erna i pressekonferansen.

Her kan du sjå heile pressekonferansen.