Noreg fekk plassen i FNs tryggingsråd

Noreg fekk støtte frå 130 land og har dermed fått plass i FNs tryggingsråd i 2021–2022.

Heilt sidan 2007 har Noreg drive kampanje for ein plass i FNs tryggingsråd i perioden 2021 til 2022.

– Med alle feila og manglane sine er Tryggingsrådet det einaste organet som har avgjerande betyding og makt over internasjonal fred og sikkerheit. Det viktige er ikkje om du er stor eller liten, men om du kan bidra med noko. Og det kan Noreg, med den lange erfaringa vår i arbeid med fred og konfliktløysing, sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide til VG førre veke