Statsministeren svarar på lesarspørsmål om skulen

Framtida junior fekk inn mange spørsmål frå barn rundt omkring i Noreg. Her er spørsmåla de ville at Erna skulle svare på når det gjeld skule.

Camilla lurar på om skulane kan få varm skulemat.

– Ikkje som ein hovedregel alle stadar, for det krevs ombygningar og endringar av skulane. Dette kostar mykje pengar.

– Det viktigaste vi skal gjere i skulen er å sørge for at vi har gode lærarar, og at vi har fleire lærarar på tidleg innsats (småtrinna) slik at ein lærer å lese og skrive tidleg.

Det er nokre skular som tilbyr varm skulemat, og dette synest eg kommunane kan sjå om dei kan utvikle eit tilbod på.

– Vår prioritet går faktisk på kunnskap og ikkje på maten, seier statsministeren.

Hakeem og Diana var på besøk hos Erna Solberg.

Jenny lurer på om du har tenkt å gjere noko som elevane vil legge merke til på skulen.

– For det fyrste så håper eg vi får til eit betre system dei fyrste åra på skulen, slik at dei som slit med lesing og skriving får betre hjelp enn dei gjer i dag. Det håper eg ein vil leggje merke til, seier Erna Solberg.

– Det andre som er viktig, men som kanskje ikkje er så lett å leggje merke til er den store satsinga vi har hatt på lærarar dei siste åra, som går på å sørgje for at alle lærarar har moglegheit til etter- og vidareutdanning som skal gjere dei betre rusta til å bli endå betre lærarar i klasserommet.