DYREVENN-MALIN: Då eg møtte meg sjølv som 12-åring

Malin Hellebø, programleiar i Dyrevenn på NRK Super, set seg inn i ei tidsmaskin. Vi sender henne tilbake i tid, og lar ho møte seg sjølv som 12-åring. Blir det eit hyggeleg gjensyn? Les kva som hende.

Kvar er det mest truleg at du finn deg sjølv?

Då finn eg meg sjølv på musikkrommet på skulen. Då eg var 12 år, spelte eg i eit jenteband. Me kalla oss «Flower Girls» og hadde matchande solbriller som såg ut som blomar. Eg spelte piano/synth. Eg tilbrakte mykje tid på musikkrommet og drøymde om å bli popstjerne.

Du går bort til deg sjølv. Kva er det første du seier eller gjer?

Eg plukkar ned ein sølvgrå bassgitar som heng på veggen og set meg ved sida av 12-år-gamle-meg. Kanskje me jammar litt saman over nokre enkle grep.

Så seier eg: – Den tannreguleringa er verkeleg ikkje så ille, Malin, seier eg og viser fram gliset mitt. – Berre sjå kor fine tenner du får!

Korleis trur du at 12-år-gamle-deg reagerer på det du nettopp sa?

12-år-gamle-meg vert ganske forskrekka. Fyrst og fremst over at ho nettopp har møtt seg sjølv, men også over at tennene mine faktisk står i rett rekkefølge og ikkje lenger som om nokon har pusla dei inn i munnen i blinde. Ho smiler sjenert.

Du og 12-år-gamle-deg har helsa, og du har sikkert mykje på hjarte. Kanskje eit råd eller to? Ver så god. Fyr laus, snakk med deg sjølv!

– Spelar du bass? lurer 12-åringen på og ser ned på pianofingrane sine.
– Jepp, seier eg: – Pappa kjøper snart ein elektrisk kontrabass og då kjem du til å bli heilt forelska.
12-åringen rynkar på nasen. – Forelska i ein kontrabass?
– Hehe, ja det høyrest kanskje litt rart ut, men den bassen kjem til å gjera deg veldig lukkeleg. Eg veit jo at du har veldig lyst på ein kjærast også, men ikkje stress med det. Den tid kjem, seier eg.
– Har du kjærast no då? spør 12-år-gamle-meg.
– Nei, ikkje akkurat no, men eg har hatt nokre veldig fine, svarar eg.

Korleis reagerer du som 12-åring på dette?

12-åringen syns det er veldig rart at eg som er så gammal, 28 år, ikkje har nokon kjærast. Målet var jo å gifta seg å få ungar då eg var 24. Ho spelar nokre få strofer på pianoet og så stryk ho handa varsamt over alle tangentane utan å laga lyd. Tenk at ho skal bli bassist.

Rett før du skal gå tilbake til tidsmaskina, må du berre seie ein siste ting. Kva er det?

– Viss du må gjera noko du syns er vanskeleg eller teit, ta eit bilete av det, for då kan du sjå på det og kanskje le av det etterpå, seier eg.

Så tar eg sats og prøver meg på ein stage dive inn att i tidsmaskina. Det går sjølvsagt ikkje bra, for eg vart jo aldri popstjerne og har heller ikkje med meg noko publikum som kan ta imot. Heldigvis har eg på sjølvutløysar.

Kva lærdom vil du gje dagens barn og unge ut frå denne samtalen?

Ting blir ikkje alltid som ein har planlagt. Og det er heilt greitt. Nokre gonger vert det til og med endå betre!