Andreas Wahl. – Spytt morellsteinar så langt du kan.

Fysikar og programleiar Andreas Wahl tek tidsmaskina tilbake og møter seg sjølv som 12-åring. Les kva som hende.

Du går ut av tidsmaskina. Kvar er det mest truleg at du finn deg sjølv?

– Eg tippar eg finn meg sjølv på korpsøving, eller på korpstur. Eg prøvde ut mange fritidsaktivitetar som ung, men som 12-åring var det korps for alle penga. Eg spelte trombone.

Du går bort til deg sjølv. Kva er det første du seier eller gjer?

– Det alle første eg gjer er nok å observere. Eg elskar å observere. Det gjorde eg som 12-åring også. Eg likte best å sjå på andre leike og finne på ting. Sjå kven som sa kva, og sjå kva respons dei fekk.

– Men etter eg hadde observert 12-år-gamle Andreas ville eg gått bort og sagt hei.

Dette virkar sikkert veldig rart, hadde eg sagt. Men eg er deg om 20 år. Eg er vaksen-Andreas. Eg har reist tilbake i tid for å snakke med deg. Går det bra?

Korleis trur du at 12-år-gamle-deg reagerer på det du nettopp sa?

– Eg trur 12-år-Andreas hadde vorte heilt stum. Høfleg smilande, men stum. Det er jo ikkje kvar gong ein møter seg sjølv som vaksen. Etter nokre sekund ville eg sikkert vore full av spørsmål. Om korleis dette var mogeleg, og korleis livet mitt kom til å bli vidare.

Du og 12-år-gamle-deg har helsa, og du har sikkert mykje på hjarte. Kanskje eit råd eller to? Ver så god. Fyr laus, snakk med deg sjølv!

Ehm… korleis er det mogeleg at du kjem hit frå framtida? seier 12-år-gamle-meg.

Det er vanskeleg å forklare, men eg fekk hjelp av ei avis som heiter Framtida junior, seier eg.

Åh, OK. Korleis kjem livet mitt til å gå?

Nokre dagar kjem til å vere skikkeleg vanskelege, og nokre dagar kjem til å vere heilt fantastiske. Men dei aller fleste kjem til å vere heilt sånn midt-på-treet-ok. Eg tenkte eg skulle fortelje deg at du må fortsetje å ikkje bry deg så mykje om kven som er kule og ikkje. Dei folka som er kule no er ikkje dei som er kule om 10 år. Når du blir vaksen vil du sjå at dei kulaste folka er dei som lærer noko nytt kvar dag, og som jobbar hardt med det dei synest er gøy, og som ikkje bryr seg så mykje om kva andre synest.

Åh…, seier 12-år-gamle-meg.

Det er ikkje lett, veit eg. Men eg hadde lyst å fortelje det til deg. Og så må du fortsetje å spytte morellsteinar så langt du kan, heime i hagen. Det kan godt hende du får bruk for treninga. Igjen, ikkje bry deg om at andre synest det ser teit ut.

Okei…

Ja, det var det. Resten må du nesten finne ut av på eiga hand. Det er liksom ein del av livet. Å lære og finne ut av ting. Det er kanskje det finaste med livet, faktisk.

Korleis reagerer du som 12-åring på dette?

– 12-år-gamle Andreas kjenner at hjernen held på å eksplodere av spørsmål. Korleis er det mogeleg? Kva er det viktigaste ein må spørje framtida om?

Rett før du skal gå tilbake til tidsmaskina, må du berre seie ein siste ting. Kva er det?

Og du; Alle drit seg ut. Dersom du drit deg ut – innrøm det, og spør andre som har fiksa det tidlegare om hjelp.

Kva lærdom vil du gje dagens barn og unge ut frå denne samtalen?

Lær deg noko nytt kvar dag, ikkje bry deg så mykje om kva alle andre synest, og spytt morellsteinar så langt du kan.