Tidsmaskina med Supernytt-Selma

Denne gangen er det Supernytt-Selma som tek tidsmaskina og fører henne tilbake til då ho var tolv år gamal.

Selma som tolv-ish. (Foto: Privat).

Kor er det mest truleg at du finn deg sjølv?

På fotballbana! Eg elskar å spele fotball. Først spelte eg på eit gutelag, men endte til slutt opp på laget “Kolbotn tøffe tigere”.

Du går bort til deg sjølv. Kva er det første du seier eller gjer?

Gir ein klem!

Korleis trur du at du som 12-åring reagerer på det/dette?

Eg hadde nok lurt på kven den rare dama som ville gi meg klem var..

De har helst, og du har sikkert mykje på hjarte. Kanskje eit råd eller to? Ver så god. Fyr laus, snakk med deg sjølv!

Du må ikkje vere så redd for å ikkje vere kul nok. Og om du innimellom gjer noko rart eller driter deg ut, så blir det sikkert ei historie ein kan le av om eit par år!

Korleis reagerer du som 12-åring på dette?

Eg hadde forhåpentligvis tatt til meg råda. Som 12-åring var eg altfor opptatt av å prøve å vere kul.

Rett før du skal gå tilbake til tidsmaskina, må du berre seie ein siste ting. Kva er det?

Ver snill med alle du ser. Og si hei til ein som står ålene!

Kva lærdom vil du gje dagens barn og unge ut frå denne samtalen?

At ein ikke skal vere redd for å skille seg ut! Ver deg sjølv, og ver snill mot alle rundt deg. Noko eg angrar på frå då eg var 12 år var at eg ikkje alltid sa ifra når nokon blei behandla urettferdig.

Pixabay