Nytt år med spanande planar

Har du eit mål du vil nå i det nye året? Åleine eller saman med andre?

Mange har nyttårsforsett som tradisjon. Det betyr at du set deg eit eller fleire mål på nyttårsaftan. Eit mål er noko du vil oppnå å gjer meir eller mindre av.

Det kan vera noko som kun handlar om deg sjølv, eller at du ønskjer å få til noko saman med andre.

Kanskje du vil gjere meir for å hjelpe nokon som treng det? Eller bli flinkare til å ta vare på miljøet?

Det er viktig å tenkje på at målet ikkje må vera for vanskeleg å nå, og at du må lage deg ein plan for å nå målet ditt.