Har du nyttårsforsett?

Ved utgangen av eit år og ved inngangen til eit nytt, er det vanleg å ha tankar og planar for det komande året.

Dette kallar me for nyttårsforsett. Det er på eit vis ein måte å starta det nye året med blanke ark.

Du har kanskje høyrt vaksne som planlegger å bevega seg meir, eller å bli flinkare til å ringja til familien? Dette er eksempel på nyttårsforsett. Men visste du for eksempel at nyttårsforsetta kan daterast tilbake 4000 år?

Her kjem nokre fakta om nyttårsforsett, som du kanskje ikkje visste:

– Det vert sagt at det var babylonerane som var dei første som starta med nyttårsforsett, for rundt 4000 år sidan. Babylonerane lova gudane at dei skulle betala for eventuelle synder dei hadde gjort, og at dei skulle returnera ting som dei hadde lånt av andre.

Om dei greidde å halde lovnadane sine, vart det sagt at gudane ville vera gode med dei det komande året.

– Ei god stund etterpå, rundt år 46 før Kristus, vart nyttårsforsetta ein viktig del av livet i det antikke Roma. Julius Cæsar, som var keisar i riket, bestemte at 1. januar skulle vera starten på det nye året.

Januar er oppkalla etter Janus, ein gud med to hovud. Romerane trudde at han såg bakover på førre år med det eine hovudet, og framover på det komande året med det andre. Dei ofra til guden, og lova at dei skulle gjera det godt i det komande året.

– I dag lovar me ikkje lenger gudane at me skal gjera gode gjerningar i nyttårsforsett, men for det meste er det snakk om goder som ein kan gjera for seg sjølv og dei ein er glad i.

Eksempel på dette er å eta sunnare, trimma meir, eller å ta betre vare på venner og besteforeldre.

Kjelde: History.com