Målet er at legoklossane skal bli laga av noko anna enn plast innan år 2030.
No er det nemleg bestemt at fabrikken skal lage klossane i plantebasert og bærekraftig materiale, skriv NRK, og viser til ein artikkel i The New York Times.
Ekspertar
Selskapet har, i følgje den amerikanske avisa, ansett over hundre personar som skal jobbe med dette.
No leitar Lego-ekspertane etter det perfekte materiale som toler leik og å bli vaska i vaskemaskinen.
Så langt har dei testa over 200 ulike materiale.