Forskarar fann kval med plast i magen allereie i 1971

46 år før plastkvalen stranda på Sotra fann havforskarar plast i magen til ein kval ved kysten av Labrador i Canada.

Åsmund Bjordal, fagdirektør ved Havforskningsinstituttet, oppdaga eit dokument i sommar. Eit papir som skulle vise seg å bli veldig spennande. Det var frå 1971, og inneheldt ein setning som fekk Åsmund til å sperre opp auga, skriv Forskning.no.

Notatet skildrar Havforskningsinstituttets (HI) kvaltokt ved kysten av Labrador. Setninga Åsmund oppdaga var denne:

«A bundle of waste sheet plastic was found in one stomach.»

Det betyr at forskarane fann plast i magen til ein nebbkval heile 46 år før den meir kjende plastkvalen stranda på Sotra i fjor.

Overraska

Bjørn Einar Grøsvik, som er forskar ved Havforskningsinstituttet (HI), blei overraska då han fekk høyre om dokumentet.

– Eg har ikkje høyrt om funn av plast i kval så tidleg før, seier han til Forskning.no.

Forskaren fortel at det var mykje mindre plast som blei produsert på den tida, men at det var mykje av den plasten som fanst som blei kasta i sjøen.

LES MEIR: Slik kan du redde kvalane

Kvalen på Sotra

Plast i havet utgjer eit stort problem på fleire måter. Ein av dei er at dyr, som kvalar, et plasten og dermed øydelegg fordøyelsessystemet. Det var det som skjedde med plastkvalen på Sotra. Han døydde etter å ha ete meir enn 30 plastposar.