– Kvalen hadde det veldig vondt

Det er eitt år sidan ein kval med 40 plastposar i magen vart funnen på Sotra. Me har snakka med Terje Lislevand som er ein av forskerane som undersøkte kvalen.

I slutten av januar 2017 stranda ein kval på Sotra. Forskarane såg raskt at det var noko gale då dei fann han. Kvalen ville nemleg ikkje svømme ut att i havet, og han verka sjuk. Det endte med at dei måtte skyte han, og så opne magen for å sjå kvifor han var sjuk. Der fann dei grueleg mykje plast.

8 millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Det forureinar og gjer dyr sjuke.

– Korleis opplevde du å finne denne kvalen som var så sjuk?

– Eg såg aldri kvalen i live, så for meg var det eit dødt dyr som var spanande fordi det viste seg å vera ein pattedyrart som aldri før hadde blitt sett i Noreg – ein gåsenebbhval.

– Korleis var det å opne kvalen?

– Som zoolog er det veldig spanande når ein får sjansen til å studere eit slikt dyr, og til og med åpne det opp for å sjå korleis det ser ut inni  Det var ein kjempestor jobb der seks personar jobba i seks timar med å skjære reint skjelettet. Skjelettet tok vi vare på for å få det inn i samlingane til Universitetsmuseet i Bergen.

– Kva fann de i magen til kvalen?

– Då vi opna magen skjønte vi kvifor kvalen hadde oppført seg så rart. Me såg plast i mange ulike fargar, og plasten låg forma som ein stor ball i magesekken. Meir enn 40 plastflak i ulike størrelsar fann vi. Gåsenebbkvalen hadde hatt det veldig vondt grunna plasten. Truleg har den ikkje klart å ta til seg næring den siste tida den levde, for det var svært lite restar av naturleg mat i magesekk og tarmar.

– Trur du kvalen på Sotra endra folk sine tankar om plast i havet?

– Ja! Vi høyrer om folk som får dårleg samvit for å ta i mot plastposar i butikken, og mange hjelper til når det er aksjonar for å rydde strendene for plast. Til og med i utlandet har kvalen blitt lagt merke til. Det var nokon som fortalte meg at kvalen vart nemnt i diskusjonen om å forby plastposar i Kenya i fjor.

Det afrikanske landet har gjort plastposar forbode.