Slik kan du redde kvalane

Kva er det viktigaste vi kan gjere for å redda kvalar og andre dyr i havet frå plast?

– Først og fremst må vi passe på å ikkje kaste plast i naturen! Det meste av plasten som flyt i havet kjem frå land. I tillegg er det bra å fjerne plast viss vi finn den i naturen. Bli med på ryddeaksjonar på strender og over heile Noreg, seier forskaren Terje Lislevand.

 

Her er fleire tips til kva du kan gjere:

  • Bli med på ein ryddeaksjon eller arranger ein sjølv via Hold Norge Rent sine nettsider. Du kan også rydde litt i naturen når du er på tur. Hugs å kaste plasten på rett plass i kjeldesorteringa.
  • Gå eller sykle, eller bruk kollektivtilbodet der du bur.
  • Bruk handlenett.
  • Unngå plastemballasje. Har maten du handlar plastemballasje, la plasten ligge igjen når du har betalt i butikken.
  • Har du hund? Bruk hundeposer av bioplast. Det betyr ikkje at du kan kaste posen i naturen, den skal i matavfallet.
  • Ha med deg eige bestikk eller ein kopp i stål viss du skal ut for å spise ein stad dei bruker eingongsprodukt.
  • Unngå plastmåling
  • Unngå klede laga av plast. Mikroplast frå tekstil av plast som polyester, akryl og fleeceplagg, nokon laga av plastflasker, hamnar i havet via avløpet.
  • Bruk miljømerka produkt. Sjå etter produkt med Svanemerke.
  • Unngå flaskevatn
  • Unngå «fastfood» og ta-med mat som ofte vert levert i plastemballasje.