Kva gjer du på fritida?

Vi har snakka med Øyvind (11), Jostein (11) og Jonas (12) om kva dei bruker fritida si til.

Øyvind Hoel, 11 år, Jostedal skule:

Kor mange fritidsaktivitetar deltek du på?

– Sju.

Kva driv du med?

– Fotball, handball, korps (kornett), gitar (kulturskulen), rockeverkstad (gitar i band) og ski/barnetrim (etter årstid).

Er det for mange, passe, eller for få?

– Heilt passe!

 

Jostein Tennø Loe, 11 år, Jostedal skule:

Kor mange fritidsaktivitetar deltek du på?

– Sju.

Kva driv du med?

– Piano, korps, toradar, trim, handball, taekwondo og eg spelar i band.

Er det for mange, passe, eller for få?

– Av og til blir det litt mykje – men elles er det ok.

 

Jonas Snøtun, 12 år, Jostedal skule:

Kor mange fritidsaktivitetar deltek du på?

– Fire.

Kva driv du med?

– Fotball, handball, ski, og rockeverkstad.

Er det for mange, passe, eller for få?

– For få​!