Meining: Fri til å ha tid – Tid til å ha fri

Om ein googlar ordet fritid på Wikipedia, finn ein at «Fritid er den tida i løpet av døgnet då ein ikkje søv, et eller gjer pålagte oppgåver eller arbeid. Fritida omfattar delen av ein persons liv som han eller ho meir eller mindre står fritt til å bestemme over sjølv. Fritid er oftast fylt med lystbetonte aktivitetar som er fri frå stress og bekymringar.»

Dette innlegget fekk heidarleg omtale i skrivekonkurransen om fritid, eit samarbeid mellom Framtida.no og Foreningen! les.


Alle menneske har fritid, lite eller mykje og alle fyller fritida si ulikt. Nokon liker å vere heime og styre med sitt og andre likar å vere med på organiserte aktivitetar.

Kva det er som gjer at vi alle brukar fritida vår så ulikt kan ha med mange ting å gjere: Interesser, økonomi, vener, ressursar eller familie og støtte rundt seg.

Eg trur det er viktig å vere aktiv i fritida. Det å ha noko å gjere, nå mål, bli flink i noko, bruke kreativiteten og evnene ein er fødd med. Utvikle seg til den beste versjonen av seg sjølv. For meg har det å vere aktiv i ulike arenaer på fritida gitt meg eit meir rikt, sosialt og lukkeleg liv. Eg føler glede når eg kan dyrke interessene mine og samstundes få nye vener frå andre skulekrinsar.

Det er sjølvsagt avgjerande om det er gode miljø på fritids-arenaene. Mange plassar er det mykje press, usunn konkurranse, kroppspress og vaksne som krev for mykje. Gode og trygge vaksne i organiserte aktivitetar er viktige for oss ungdommar. Det kan vere heilt avgjerande for eit barn eller ein ungdom å bli sett og inkludert på fritida. Det er jo ikkje alle som har det godt heime.

Eg har foreldre som har latt meg utfalde meg på ulike måtar. Både i musikk og i idrett. Dei har heile tida støtta meg i mine val og motivert meg til å prøve igjen om eg har blitt lei eller feila. Eg går både på ballett og symjing. Eg har ikkje ambisjonar om å nå høgt i begge idrettane, men ser fordelane av å ha ein idrett som er bra for å styrke heile kroppen når eg veit at balletten slit på både kne, anklar og tær.

Mange er bekymra for at eg har ei så aktiv fritid.

På musikkfronten syng eg i kor og tek undervisningstimar i både tverrfløyte og orgel. Eg tenkjer det er ei styrke å ha noko å falle tilbake på om eg skulle få ein idrettsskade som gjer at eg mistar det sosiale nettverket mitt i idretten.

Mange er bekymra for at eg har ei så aktiv fritid. Men kva eg brukar fritida mi på er opptil meg. Eg kjenner eg får meir energi av å vere aktiv og eg blir meir målretta og effektiv i skulearbeidet. Eg trur at for min del kan den aktive fritida mi ha vore med på å gje meg høgare arbeidskapasitet.

Når eg ser på dei vaksne som stressar rundt og nesten ikkje har fritid, tenkjer eg at det er viktig å kunne leve ut draumane sine når ein kan. Ein kan alltids sjå TV, spele dataspel eller lese bøker, men det er ikkje like lett å ta musikk- eller ballettimar som vaksen.

No har eg snakka ein god del om fritidsaktivitetar og kva medverknad ein får av det. Eg håpar sterkt og inderleg at alle barn og unge får mogelegheit til å ha ein organisert aktivitet å gå på. Ein plass dei kan føle seg heime, få nye vener, møte trygge vaksne, utvikle seg og finne meining.

Det er viktig å kunne leve ut draumane sine når ein kan.

Alle har fri.

Alle har ei fritid.

Det viktigaste er kva ein vel å bruke tida ein har fri på.