Forskning: Leirskule kan gjera deg meir omsynsfull

Sveitsiske barn i alderen 6-16 år som hadde vore på sommarleir svara oftare at dei ville hjelpa andre, enn dei som ikkje var på leirskule.

Å dra på sommarleir kan gjera at du tek meir omsyn til andre, ifølgje ei forskingsstudie frå Sveits.

Saka var først omtala av Ung.forskning.no.

Dei sveitsiske forskarane gav eit spørjeskjema til 256 barn i alderen 6-16 år. 145 av deltakarane i studien skulle på sommarleir, medan 111 ikkje skulle på leir.

Dei fekk spørsmål som handla om dei ville hjelpa ein framand med å finne vegen, eller om dei ville hjelpa nokon med leksene.

I svara frå dei som hadde vore på sommarleir såg forskarane at dei var meir villige til å ta omsyn til andre enn dei som ikkje hadde delteke på leir.

Har du vore på leirskule?

Har du vore på leirskule?

Ja, mange gonger18
Ja, ein gong51
Nei20
Veit ikkje1
Svar totalt: 90