Det baller fort på seg når Johannes er på ferie.
– Viss eg er på campingtur finn eg lett nye vener. Sist møtte eg 15 nye vener eg kunne prate og leike med, fortel han.
Vi hadde noko til felles
Johannes har lært seg korleis ein kan få seg nye vener. Alt frå fotball til kø-snakking.
– Fyrst snakka eg med ein ven eg møtte for fem år sidan. Vi har ikkje hatt kontakt sidan, men eg såg han der på campingen. Han hadde fem andre vener, så vart eg ven med dei. Seinare snakka eg med nokon om Champions League finalen, og då vart vi vener. Vi hadde noko til felles, det er lurt. Så stod eg i kø for å køyre gokart, og der møtte eg resten.
På campingplassen hadde familien til Johannes plassert vogna midt på plassen.
– Det fann eg ut at var den beste plasseringa, for alle eg møtte den dagen samla seg hos oss, seier Johannes.
Skandinaviske vener
Johannes får som regel alltid vener når han er på tur. Anten om det er på familieturar eller organiserte turar.
– Ein gong eg var på fotballskule i Danmark møtte eg mange som snakka dansk. Men det gjekk bra det også. Vi spela fotballgolf, og då var det ein som sa at Noreg, Sverige og Danmark er så gode vener – at då må vi vera vener også, fortel Johannes.