Dette er grunnen til at me har vinterferie

Visste du at vinterferien i Noreg er ein 80 år gamal tradisjon? Og at berre éin av fem vaksne i Noreg tek vinterferie? Her kjem litt fakta om vinterferien som du kanskje ikkje visste.

Vinterferien i Noreg har ei lang historie, og me kan spora han heilt tilbake til 2. verdskrigen, skriv Ung Forskning. I 1942 var det ein særleg kald vinter her i Noreg, og då som no, var det dyrt med oppvarming. Dette var midt under den andre verdskrigen, og Noreg var okkupert av Tyskland.

Sidan det var veldig dyrt å varma opp eit stort bygg som ein skule, bestemte tyskarane at alle skulane skulle stenga ei veka. Sverige hadde gjort det same allereie frå 1940, sidan også dei ville spara pengar på oppvarming.

Og dermed starta ein ny tradisjon – og alle barn i Noreg fekk vinterferie.

GIF: giphy.com

Få reiser på ferie

Kva tenkjer du når me seier vinterferie? Ski og hytte og appelsin i solveggen? Då er du ikkje åleine, for mange forbinder vinterferien med å reisa på fjellet.

Likevel er det faktisk ikkje så mange som reiser vekk frå heimen sin i vinterferien. Tal frå ein artikkel på forskning.no, slår fast at berre 1 av 5 vaksne i Noreg reiser vekk i vinterferien.

Kvar er du vinterferien?

Kvar er du vinterferien?

På hytta39
I syden12
Storbyferie10
Heima36
Svar totalt: 97