Fråråder nordmenn å bestilla tur til utlandet

Forsikringsselskapet Tryg ber nordmenn om å venta med å reisa til utlandet. Grunnen er at reisa fort kan bli avlyst på grunn av aukande koronasmitte.

Med eit Europa som kvar dag ser aukande koronasmitte, er forskiringsselskapet Tryg klar i si tale. Dei anbefalar ingen å planlegga turar til utlandet no.

– Pandemien i Europa blir verre dag for dag. Bli heima til smittetala går nedover, seier Ole Irgens i Tryg til NTB.

Han seier at dei som tek sjansen på å reisa ut frå landet no, kan risikera at reisen blir avlyst eller veldig begrensa, grunna høge smittetal der ein eventuelt reiser til.