Auga
- Auga består av mange delar: Den kvite kula kalla augeeple, den farga ringen ytst kalla regnbogehinna (fargen på augo dine), og det runde, svarte holet i midten av regnbogehinna som heiter pupillen.
- Hornhinna ligg som eit gjennomsiktig lok heilt ytst framme og beskyttar auga.
- Pupillen er sjefen når det gjeld kor mykje lys som skal sleppast inn i auga. Om det er mørkt, utvidar den seg slik at det kjem inn mykje lys. Om det er lyst, trekk den seg saman slik at mindre lys slepp inn.
- Bak regnbogehinna ligg linsa, og heilt bakarst, innst mot augehola finn me netthinne og synsnerve. Informasjon om lys, mørke og farge blir sendt via synsnerva til hjernen.
- Kjelde snl.no
Det seier Arnhild Myklebust, som er optikar og eigar av Brilleriet på Stord.
Kva er det viktigaste barn treng å veta om auga?
– Det som er viktig, er at du brukar synet ditt på fleire avstandar. Ikkje berre bli sittande på skjerm, men at du faktisk er ute i dagslys minst ein time kvar dag og ser på lange, lange avstandar. Då får auga kvila.
– Barn har veldig gode musklar i auga. Når dei skal lesa så krummar dei linsene sine. Om ein gjer veldig mykje av det, og ikkje tek pausar så kan det i verste fall, over tid, føra til nærsyntheit.
Det var ikkje sjølvsagt at Arnhild skulle bli optikar. Ho visste ikkje ein gong kva det var då ho var lita.


– Eg byrja å studera økonomi, og sat litt langt bak i klasserommet. Då merka eg at eg såg litt dårleg og gjekk til optikar for å få skjekka synet mitt. Då tenkte eg dette finst! Dette ser gøy ut! Dette vil eg jobba med!
Kva gjer ein optikar?
Ein optikar kan mykje om auga, og kan undersøka auge og syn. Dei kan også behandla synsfeil ved hjelp av briller, kontaktlinser eller synstrening. Om det er noko alvorleg gale med auga må ein gå til augelege, som styrer meir med medisinar og operasjonar og slikt.
Om du får vondt i hovudet når du les eller ser på skjerm så kan det vera lurt å dra til optikar for å ta ein synstest. Då kan det henda du også får kikka inn i denne maskina:

Les også: Unge talent fekk prøva seg på dei kule maskinane som optikaren brukar






















