Storbritannia: Barn og unge under 18 år får aldri lov til å røyke

No har det britiske parlamentet vedteke ei ny lov som gjer at sigarettar vil vere ulovleg for alle i Storbritannia som er fødde etter 2008. Norske politikarar er delte om ei liknande lov i Noreg.

Tobacco og Vapes-lova

Mellom anna inneber den nye lova også at personar under 18 år ikkje lenger har lov til å kjøpe e-sigarettar eller nikotinprodukt. I tillegg blir det forbod mot reklame, utstilling og gratis utdeling av slike produkt.

LES FAKTALUKK FAKTA

Den nye Tobacco og Vapes-lova hevar aldersgrensa for å kjøpe røyk med eitt år kvart år. Lova gjeld personar fødde frå og med 1. januar 2009 eller seinare, skriv Framtida. 

– Barn i Storbritannia vil vere ein del av den første røykfrie generasjonen, verna mot eit liv med avhengnad og skade. Det er betre å førebyggje enn å kurere, seier helseminister Wes Streeting.

I England fører røyking årleg til rundt 64 000 dødsfall, 400 000 sjukehusinnleggingar og kostar helsevesenet tre milliardar pund – omtrent 37,7 milliardar norske kroner, ifølgje tal frå det statlege helsevesenet i Storbritannia (NHS).

Usemje om ei liknande lov i Noreg

Organisasjonane Kreftforeininga og LHL håper at norske politikarar følgjer etter britane.

Arbeidarpartiet seier til VG at dei vil kome tilbake til om ei slik lov vil vere aktuell i Noreg.

– Å førebyggje at barn og unge begynner å røyke kan føre til at fleire kan leve friske, gode liv lenger. Derfor blir det interessant å sjå korleis dette tiltaket vil verke i Storbritannia, seier Truls Vasvik i Arbeidarpartiet.

Høgre og Frp seier at dei ikkje ville ha støtta ei liknande lov her i landet. Dei meiner staten ikkje skal blande seg inn i folk sine liv på denne måten.