Dei er ofte brune og gøymer seg på skogbotnen. Nokre er nesten runde som små ballar. Det har gjort diamantfroskane vanskelege å finna og skilja frå kvarandre.
Etter tolv års arbeid har forskarar beskrive sju nye artar. Dermed kjenner dei til 27 artar av diamantfroskar, skriv Forskning.no.
Froskane lever på Madagaskar, ei stor øy utanfor austkysten av Afrika.
Gamle froskar gav svar
For å finna ut kva art froskane høyrde til, undersøkte forskarane DNA frå gamle museumsprøver. DNA er arvematerialet som finst i cellene til levande organismar.
Dei samanlikna dette med nye prøver. Dei undersøkte òg utsjånaden, skjelettet og lydane til froskane.
– Mangfaldet til diamantfroskane har gøymt seg rett under føtene våre, seier forskaren Mark D. Scherz i ei pressemelding frå Statens Naturhistoriske Museum i Danmark.
– Mange av artane lever størstedelen av livet skjulte på skogbotnen, og sjølv når dei kjem fram, kan dei vera overraskande vanskelege å skilja frå kvarandre, forklarer han.
Kan vera fleire
Forskarane trur det framleis finst artar av diamantfroskar som ikkje er oppdaga. Dei veit heller ikkje kor mange froskar det finst av kvar art.
Slik kunnskap trengst for å kunna verna froskane og skogane dei lever i.





















