266 millionar menneske lever i svolt – dette vil FN utrydde

FN har 17 berekraftsmål dei skal nå innan 2030. Eitt av dei er å utrydde svolt – eit stort problem i verda i dag.

FNs berekraftsmål
  • Mål for korleis verda skal utvikle seg på ein berekraftig måte.
  • Berekraft betyr at folk skal ha det dei treng, utan at dei bruker av naturen på ein måte som øydelegg for livet på jorda i framtida.
  • Landa i FN blei einige om berekraftsmåla i 2015, og måla er sette til å nåast innan 2030.
  • Alle menneske i samfunnet, i både rike og fattige land, skal kunne ta ansvar for å nå måla.
  • Det er 17 berekraftsmål og 169 delmål, innanfor dei tre temaa klima og miljø, økonomisk ryggleik og sosiale forhold.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Til no i år opplever 266 millionar menneske svolt – det utgjer omtrent 3,1 prosent av verdas befolkning.

Svolt er ei ubehageleg eller smertefull fysisk kjensle som er utløyst av at ein ikkje får i seg nok mat. For lite mat og svolt over tid kan føre til alvorleg underernæring.

Tala er henta frå Verdas helseorganisasjon. Diagram framstilt av Framtida Junior.

Alvorleg underernæring er ein av dei største trugslane mot barn si overleving. Elles kan tilstanden føre til alvorleg sjukdom, vanskar med å lære det ein skal og veksthemming. Veksthemming er at kroppen ikkje veks og utviklar seg som han skal.

23 prosent av alle barn i verda under fem år, altså nesten eitt av fire, opplevde veksthemming som følgje av underernæring i 2024.

Tala gjeld for 2024 og er henta frå FN-sambandet. Diagram framstilt av Framtida Junior.

FNs berekraftsmål 2

Samstundes er det å få i seg nok mat til å leve eit godt liv ein menneskerett. Derfor blei det å utrydde svolt eitt av berekraftsmåla FN vedtok i 2015 – FNs berekraftsmål 2.

Illustrasjon: FN-sambandet

Målet skal sette fokus på å jobbe for at alle skal kunne ete seg mette, at maten som blir produsert, skal bli teken betre vare på og at ressursar skal bli fordelte rettferdig. Ein ressurs er noko ein kan bruke for å skape verdiar eller noko som er nyttig på ein annan måte.

På sidene sine skriv FN at blant anna desse fire tinga kan gjerast for å nå målet:

  • Kaste mindre mat.
  • Sikre at maten kjem fram til dei som treng han.
  • Produsere meir berekraftig og lokalt.
  • Betre utnytte ressursane våre i jordbruk, skog og fiske.

Kvifor er det svolt i verda?

Årsakene til at det er svolt i verda er samansette, og dei forsterkar kvarandre. Fattigdom, ekstremvêr og klimaendringar, krig og konflikt er blant årsakene.

Til dømes har krigen i Gaza ført til alvorleg svolt, fordi det har vore blokade. Ein blokade vil seie at det har vore stengt for at varer, ressursar og humanitær hjelp kan kome inn i området.

Eit anna døme er ekstremvêr som følgje av El Niño, som igjen blir forverra av klimaendringar. Tørke og flaum som følgje av dette er venta å føre til svolt mellom anna i delar av Afrika. Det er fordi tørke og flaum til dømes gjer at det blir vanskeleg å dyrke og produsere mat, i tillegg til at det blir utfordringande å transportere mat til desse områda.