El Niño er eit vêrfenomen som skjer omtrent kvart andre til kvart sjuande år. No er ein ny El Niño-episode i gang.
Normalt blæs vindar varmt vatn mot vest i Stillehavet. Ein El Niño-episode skjer når desse vindane ikkje blæs som normalt. Når det varme vatnet ikkje blir fordelt i havet som vanleg, fører det til at vêret blir snudd på hovudet i mange land rundt Stillehavet og i nærleiken av ekvator.
Følgjene av El Niño-episoden vi no er inne i, vil vere rekordstore, ifølgje FN. Allereie no ser ein at vêrfenomenet har ført til skogbrannar i Indonesia og mindre av det viktige monsunregnet i India.
I land som Etiopia, Zambia, Kenya, Somalia og Sør-Sudan i Aust-Afrika er det venta at El Niño vil føre til ekstrem varme, flaum og tørke. Dette vil gjere at mange må leggje ut på flukt og at folk vil svelte.
Ber om 1,61 milliardar kroner
UNICEF ber no om 173 millionar dollar – 1,61 milliardar norske kroner – for å setje i gang med førebyggande tiltak i Aust- og Sør-Afrika. Førebyggande tiltak er ting ein kan gjere i forkant av noko for at det skal bli minst mogleg skade.
I dette tilfellet vil UNICEF bruke pengane til å skaffe mat, reint vatn, medisin og anna som trengst for å ta vare på barna som bur i dei utsette områda.
UNICEF meiner at sidan ein veit at El Niño vil ha katastrofale utfall i år, er det betre å handle i forkant, enn å vente til etterpå og drive med hjelpearbeid då.
Ikkje merkbart i Noreg
Rundt om i verda er det venta at 50 millionar menneske vil oppleve alvorleg svolt som følgje av denne El Niño-episoden.
Episoden vil vere på sitt kraftigaste i perioden november-februar.
I Noreg vil vi ikkje merke noko ekstremvêr som følgje av El Niño, sjølv om vi kan merke at det er varmare vêr.






















