– Bad i nærleiken av ferskvatn for å unngå brennmaneter

Mange kan vere redde for å bli brent av brennmaneter medan dei badar. Her deler havforskar Tone Falkenhaug kvifor ein blir brent, korleis ein kan unngå det og at det slettes ikkje er farleg – berre vondt.

Visste du at …?

Glasmaneter kan også brenne. Akkurat som brennmaneta har glasmaneta ein harpun med gift. Harpunane til glasmaneta er rett nok ikkje like kraftige så dei klarer ikkje å trenge gjennom huda og brenne oss menneske, slik ei brennmanet kan. Dersom du legg glasmaneta på augelokket eller leppene, kan du rett nok bli brent, sidan vi har så tynn hud der.

LES FAKTALUKK FAKTA

Brennmaneter er ganske avanserte vesen. Dei har tentaklar med blærer med gift og små harpunar. Når tentaklane kjem borti noko, blir harpunane skotne ut. Dette er fordi maneta er på jakt etter mat. Maneter et små krepsdyr og når harpunane med gift treffer desse krepsdyra, blir dei bedøvde av gifta og maneta kan ete dei.

Men maneta skil ikkje på om ho kjem borti eit krepsdyr eller ein menneskefot, så uansett kva maneta rører ved, vil harpunane bli skotne ut. Når huda til oss menneske blir treft av harpunane til maneta, kan det svi.

– Det er ikkje farleg, så sant du ikkje er allergisk og reagerer veldig sterkt på giftstoffet, seier forskar ved havforskingsinstituttet Tone Falkenhaug.

Planktonforskar Tone Falkenhaug. Foto: Havforskningsinstituttet

Er det maneter i vatnet?

Tone kan fortelje at du aldri kan vere heilt sikker på om det er mange maneter der du skal bade, eller ikkje.

– Det beste er at nokon følgjer med på land når du badar, og ser om det dukkar opp maneter i nærleiken av deg.

Eit anna tips frå Tone er å bade i nærleiken av der ferskvatn renn ut i havet, frå ein bekk eller ei elv. Maneter likar nemleg ikkje ferskvatn, og vil halde seg unna desse områda.

Blå brennmanet har blitt vanlegare dei siste åra og kan sjåast lenger nord enn tidlegare. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Mat, havstraumar og temperatur

Grunnen til at maneter oppheld seg på bestemte stader, kan variere.

– Manetene oppheld seg i område dei kan finne mat, fortel Tone.

Ho kan også fortelje at havstraumar fraktar manetene med seg og bestemmer kvar dei endar opp. I tillegg kan temperaturen i vatnet ha noko å seie.

– Det blir sagt at manetene trekkjer lenger ut og ned i havet når det blir høgare temperaturar. Sjølv om det er varmt vatn der du skal, kan det rett nok vere manetar der.

Raud brennmanet er den vanlegaste maneta langs norskekysten. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Kva gjer du om du blir brent?

– Om eg blir brent av brennmanet, skyl eg godt med saltvatn, tipsar Tone, men seier at det er viktig å sjekke ut helsenorge.no om ein er så uheldig å komme borti ei brennmanet.

På Helsenorge står det at ein skal fjerne eventuelle trådar frå maneta som heng fast på kroppen. Dei kan plukkast av med hendene.

Vidare står det at du skal unngå å skylje med ferskvatn og ikkje gni eller skrubbe der du er brent.

Sjå Helsenorge eller oppsøk lege for fleire råd om du blir brent.

Her ser du ei glasmanet. Dei kan bli opp mot 40 centimeter i diameter. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Mange ulike maneter i Noreg

I Noreg er brennmanet og glasmanet dei mest kjente manetene. Det finst rett nok veldig mange fleire maneter i havet her – til og med mange vi ikkje kjenner til, kan Tone røpe.

– Vi har mellom anna kompassmanet og lungemanet, i tillegg til ribbemanetar. Ingen av manetene vi har i Noreg, er rett nok farlege.

Tone kan også fortelje at sjølv om det hender at menneske blir brent av brennmanet, er dei på ingen måte ute etter å skade menneske. Brennmanetene vil unngå oss like mykje som vi vil unngå dei.

Lungemaneta finst i Noreg, men er meir sjeldan å sjå. Dette er ei manet som ikkje brenn. Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet

Tips!

Dersom du ser mange maneter på ein stad i sommar, eller du ser ei manet du aldri har sett før, kan du melde det inn til Havforskingsinstituttet via Dugnad for havet. Då registrerer du det du har sett i prosjektet Manetar.

– På den måten kan du hjelpe oss å forske og lære meir om maneter, seier Tone.