25 år sidan det største terrorangrepet i USA

11. september 2001 blei nesten 3000 menneske drepne i eit terrorangrep i USA. Dei fleste mista livet då to fly blei køyrd inn i to skyskraparar i New York. Terrorangrepet har fått enorme følgjer i etterkant.

Terrorisme

Terrorisme er bruk av vald mot sivile (vanlege menneske) for å skape frykt og dermed påverke politikk. Ein terrorist er person som deltek i gjennomføringa av ei terrorhandling.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Terrorangrepet, som gjerne blir kalla berre 11. september eller 9/11 på engelsk, skjedde då 19 terroristar kapra fire passasjerfly i USA. Å kapre betyr å bruke vald og truslar for å ta kontroll over eit transportmiddel.

Terroristane krasja to av flya inn i tvillingtårna i World Trade Center i New York, som bestod av to skyskraparar. I dette angrepet døydde 2753 menneske.

Slik såg det ut etter at World Trade Center hadde rasa saman. Foto: Shawn Baldwin / AP Photo / NTB

Terroristane krasja det tredje flyet inn i Pentagon. Der mista 184 menneske livet. Det er i Pentagon USAs forsvarsdepartement held til. Pentagon er hovudkvarteret til det amerikanske forsvarsdepartementet, som har ansvar for militæret og forsvaret til USA.

Det fjerde flyet styrta i bakken, og 40 menneske om bord omkom. Til saman døydde nesten 3000 menneske frå 93 forskjellige land i angrepet.

Pentagon i etterkant av terrorangrepet 11. september 2001. Foto: Pixabay

Følgjene av terrorangrepet

Dei 19 terroristane, som alle døydde i terrorangrepet, var ein del av det islamistiske terrornettverket Al-Qaida. Leiaren deira Osama bin Laden var den antekne hovudmannen bak angrepet.

Etter terrorangrepet 11. september 2001 erklærte USA krig mot terror. Dette innebar mellom anna at dei angreip Afghanistan fordi al-Qaida fekk halde til i landet. Som følgje av dette blei al-Qaida etter kvart svakare.

4,7 millionar menneske verda over har mista livet som følgje av krigen mot terror. Over 940 000 menneske har blitt drepne i krigføringa som skjedde i Irak, Afghanistan, Syria, Jemen og Pakistan mellom 2001 og 2023. Nesten halvparten av desse var sivile. Det opplyser NRK kjapt oppdatert.

Myndigheitene i USA sette også fleire hundre menneske i fengsel i etterkant av terrorangrepet, fordi dei trudde at dei samarbeidde med al-Qaida. Mange av dei blei sette i fengsel utan å bli dømde i ein domstol først, noko som er eit brot på menneskerettane.

Markering

For å markere at det er 25 år sidan terrorangrepet skjedde, var det onsdag kveld eit droneshow i New York. Det var 2977 dronar med ljos – eitt ljos for kvar av personane som blei drepne i terrorangrepet, utanom dei 19 terroristane som mista livet.

Under droneshowet blei omrisset av tvillingtårna gjenskapt.

– 100 millionar amerikanarar er for unge til å hugse dagen som endra byen og nasjonen vår for alltid, skriv 911memorial.org.

Dei skriv vidare at det er viktig å minne og lære dei unge som ikkje opplevde hendinga om kva som skjedde for 25 år sidan.

Årleg blir 11. september markert med to lysstrålar der tvillingtårna sto. Foto: Pixabay