Sondre Lauvålien
- Alder: 11
- Frå: Lillehammer
- Har eige klesbedrift som heiter Confi
- Hobbyar: Friskiing, sykling og skating
- Førebilete: Birk Ruud, som er friskier og har sitt eige klesmerke
Sondre Lauvålien frå Lillehammer har alltid vore kreativ, mellom anna gjennom å teikne. Då han var ti år fekk han ideen om å designe klede med teikningane sine.
– Eg fekk ideen fordi eg syntest det ville vere kult å skape noko eige. I tillegg hadde eg sett nokon andre som designa klede ved å stryke ulike design på klesplagg, fortel Sondre til Framtida junior.
Dermed begynte Sondre å plassere teikningane sine på klesplagg. Klesmerket fekk namnet Confi. Det står for «confident» og «comfortable» som er engelsk og betyr sjølvsikker og komfortabel.
– Eg lagar komfortable klede som du kan kjenne deg sjølvsikker i, gjerne medan du held på med sport.

Aktiv og kreativ
På fritida driv Sondre nemleg med både skating, sykling og friskiing. Frisking handlar om å gjere kule triks, hopp og akrobatikk på ski.
– Sjølv om eg har mykje å gjere på fritida, får eg tid til å teikne og designe klede innimellom på kveldar og i helger. I dag var eg sjuk og heime frå skulen, så da fekk eg teikna litt, fortel Sondre.
Alle designa på kleda Sondre sel, er handteikna. 11-åringen peiker på at han aldri bruker kunstig intelligens i designa sine.

– Når eg teiknar får eg ofte idear frå nett, frå framsida på bøker eller ved å sjå på bilde av meg sjølv som held på med sport, fortel Sondre og legg til:
– Eg er ganske bestemt når eg først har landa på ein ide. Om nokon foreslår å løyse eit design på ein annan måte, høyrer eg sjeldan på. Den ideen eg har, gjennomfører eg, smiler Sondre.
Nokre gonger blir den unge designaren nøgd med teikninga på første forsøk, men ofte må det til litt prøving og feiling.
– Teiknar eg med blyant hender det seg at eg viskar ut mange gongar. Dersom eg bruker tusj, kan det skje at eg kastar heile teikninga og begynner på nytt.

Frå teikning til klede
Når Sondre er fornøgd med ei teikning – eit design – tek han bilde eller skannar teikninga, og legg ho over på ein pc. Mora til Sondre har jobba som garfisk designar. Ho hjelper han derfor med å stilisere teikninga. Å stilisere vil seie å teikne over alle strekane og fargane i eit teikneprogram på pc-en. På denne måten blir teikninga digital. Dermed er designet klart til å plasserast på eit klesplagg og dei som vil kan bestille kleda.
– Vi har ikkje eit lager, men bestiller klede berre når vi får ordre frå nettbutikken, forklarer Sondre.
På den måten har ikkje Confi eit stort lager, med masse klede som ikkje blir brukt.

For augneblikket sel Sondre hettegensere, t-skjorter og capsar til barn og unge mellom fem og 14 år. Dette har vennane hans nytta seg av. Dei går nemleg gjerne på skulen med Confi-klede.
– Det beste med å designe klede er å høyre andre snakke om det og synest det eg designar er kult. Ved å ha mitt eige klesmerke får eg også vist fram kunsten min til mange – dei som brukar kleda, blir som eit vandrande galleri.
Utfordringar og læring
Det har rett nok ikkje vore berre enkelt å starte som klesdesignar. Ei av utfordringane Sondre og mora har støytt på, handlar om val fabrikk som skal produsere kleda.
– Vi har brukt ein del tid på å finne ut kva fabrikk vi skal bestille kleda frå. Vi har bestilt vareprøver frå ulike fabrikkar, for å sjå om dei leverer slike plagg vi ønsker.
Ein av fabrikkane sende til dømes ein genser me flekkar på hetta. Då var det ikkje aktuelt for Sondre å bruke den fabrikken.

Men med utfordringar kjem også læring. Sondre fortel at han har lært mykje om både marknadsføring og økonomi etter at han starta si eiga klesbedrift.
Marknadsføring handlar om å fortelje så mange som mogleg om noko dei kan kjøpe, og få dei til å få lyst på det.
Økonomi handlar om kva ein tener og kor mykje utgifter ein har. Utgifter er pengar ein må bruke. Sondre tener på å selje kleda sine, men må bruke pengar på til dømes å produser kleda og frakte dei.

Akkurat no er Confi eit nullprosjekt. Det vil seie at alle pengane Sondre tener, blir brukt på utgifter. Dersom det ein dag blir slik at Sondre får pengar til overs etter sal av kleda sine, har han planen klar for kva han skal gjere med dei.
– Då skal eg sette pengane på fond.
Eit fond er ei slags felles sparekasse der mange menneske set pengane sine for å kjøpe små bitar av mange ulike bedrifter. Når desse bedriftene blir rikare, får dei som har pengane sine i fond meir pengar.
Store planar
11-åringen håpar å halde fram som klesdesignar så lenge som mogleg. Difor har han planar om å selje meir av kleda sine til fleire folk.
På Lillehammer er det mange ulike arrangement, der Sondre vil prøve å selje Confi-klede.
– Eg har eigentleg allereie prøvd det. Då det var Birken selde eg faktisk vaflar utanfor huset vårt. Då kunne folk også kjøpe kleda frå merket mitt, fortel Sondre.

Ein annan måte å nå ut til fleire folk på, er å få butikkar til å selje kleda hans.
– Eg har vore i ein butikk og spord, men dei ville ikkje. Då må eg berre spørje fleire.
Sondre legg ikkje skjul på at han har store draumar for klesmerket sitt.
– Eg har lyst til å selje skibukser og sko, i tillegg til kleda eg har no. EIn dag håpar eg at Confi ein dag er like stort som Nike.






















