Primatar
- Ei gruppe pattedyr
- Halvaper, spøkelsesaper, ekte aper, menneskeaper og menneske er primatar
- Primatar lever på bakken eller oppe i trea
Kjelde: Vesle norske leksikon
Det har lenge vore kjent at enkelte apar og andre primatar har forma vennskap med individ av andre dyreartar. No viser ein ny studie gjort ved Universitetet i Oxford at desse forholda er enda vanlegare enn ein først trudde, skriv The Conversation.
I studien studerte forskarar 427 tilfelle der primatar hadde sosial kontakt med andre dyrartar. Nokre av dyra primatane var sosiale med var hundar, fuglar, grisar og hjortedyr.
Det apane og primatane oftast gjorde med kjæledyra sine var å leike med dei og stelle dei. Forskarane fann 139 døme på stell og 136 døme på pelsstell.
Desse forholda mellom primatar og andre dyr bidreg ikkje berre til kos, men kan vere nyttige på andre måtar. Til dømes kan stell gjere at dyra blir reinare og ikkje har like lett for å bli sjuke. Leik kan vere positivt for å utvikle sosiale evner og koordinasjon (evna til å bevege seg på ein god måte).






















