Sidan måndag 31. august har kong Harald si båre stått i Slottskapellet, der alle har vore velkomne til å ta eit siste farvel. Onsdag vil den næraste familien samle seg her for ei privat stund, før båra skal fraktast vidare.
Klokka 12
Båra til kong Harald blir plassert på ein kanonlavett, som er ein slags tilhengar. Kanonlavetten skal bli dregen av ein militærbil som ein del av ein sørgeprosesjon. Ein sørgeprosesjon er når menneske samlar seg i eit tog for å følgje den døde og vise respekt og sorg.

Idet sørgeprosesjonen startar klokka tolv, vil det bli fyrt av sørgesalutt frå Akershus festning i Oslo. Dette er 21 kanonskot med 30 sekunds mellomrom. Det vil også bli fyrt av sørgesalutt andre stader i landet på dette tidspunktet, som frå Bergenhus festning i Bergen, Kristiansten festning i Trondheim og Vardøhus festning i Vardø.
Sørgeprosesjonen for kong Harald går frå Slottet ned Karl Johans gate og til Oslo domkirke. Langs denne ruta vil til saman 1900 soldatar frå Forsvaret stå på begge sider av vegen.
Det er ope for at folk kan stå langs ruta og sjå på sørgeprosesjonen.
Etter prosesjonen blir kong Harald si båre boren inn i Oslo domkirke.
Klokka 13
I Oslo domkirke skal det vere minnegudsteneste. Her er det plass til 930 personar. Norske politikarar, utanlandske statsoverhovud og kongelege er blant dei som blir invitert til denne minnegudstenesta.
Det danske kongeparet, det japanske kronprinsparet, Islands president, Finlands president og det svenske kongeparet og kronprinsesseparet er blant gjestane som kjem.

Idet gudstenesta startar klokka 13, skal det vere eit minutts stille over heile landet. Dette minuttet blir innleidd med tre klokkeslag frå kyrkjer kringom Noreg og blir avslutta med tre nye klokkeslag.
Gudstenesta skal leiast av Olav Fykse Tveit, som er preses i Den norske kyrkja. Preses leier arbeidet til biskopane i Den norske kyrkja.
Klokka 14
Når gudstenesta er ferdig, skal kong Harald si båre fraktast vidare i ein mindre prosesjon som går frå Oslo domkirke til Akershus festning.
På Akershus festning blir båra plassert i Det kongelege mausoleum. Eit mausoleum er eit fint rom der menneske blir lagde til kvile. I Det kongelege mausoleum på Akershus festning ligg allereie fire kongelege.
Foreldra til kong Harald, kong Olav og kronprinsesse Märtha, ligg i ein sarkofag av bronse. Besteforeldra til kong Harald, kong Haakon og dronning Maud, ligg i ein sarkofag av stein. Ein sarkofag er ein slags stor likkiste som gjerne er dekorert og har utsmykkingar.
Kong Harald skal leggjast i ein sarkofag ved sidan av dei to andre. Han skal altså ikkje bli gravlagd i jorda, men bli liggande i sarkofagen i det kongelege mausoleum. Her vil også dronning Sonja bli lagd til kvile den dagen ho går bort.

Du kan sjå gravferda direkte på NRK og TV 2.






















