Lydia si oppskrift på smoothie-is

Kva er betre enn ein kald is kjøpt på butikken? Jo, ei kald is ein kan lage heilt sjølv heime.

Her er oppskrift!

Ingrediensar:

  • Frosen frukt etter eige ynskje: 1,5 – 2,0 koppar
  • Eplejuice
  • 1 banan (Om det ikkje er banan i den frosne frukta)
  • Yoghurt: Eit beger
  • Havregryn: 0,5 kopp

Dette gjer du:

  • Ta fyrst den frosne frukta ut av frysaren (PS: Det er lurt å ta frukta ut av frysaren 10-15 minuttar før du startar. Då heng ikkje frukta fast nedi botnen på blendaren når du skal blande smoothien.)
  • Hell fyrst frukta ned i blendaren.
  • Etter frukta heller du yoghurten oppi.
  • Ha i ei halv banan. Du får vite kva du skal gjere med den andre halvdelen seinare.
  • Hell havregryna oppi blendaren.
  • Sist men ikkje minst tek du eplejuicen. Hell oppi sånn at den kjem på høgde med bæra.
  • No blandar du. Hugsar du den halve banana som ikkje blei brukt i stad? Den et du no mens du venter på at smoothien skal bli ferdig blanda.
  • Når smoothien er ferdig, heller du den oppi smoothieformene og set det i frysaren. Om det er noko restar så drikk du dei sjølvsagt opp.
  • Etter 24 timar kan du ta dei ut av frysaren og nyte dei!

Denne oppskrifta lagar 6 is!