Å spele badminton er ein veldig fin sommaraktivitet

MEINING: Her er i liste over dei sommaraktivitetane eg likar best:

Spele fotball: Eg ELSKAR å spele fotball på fritida!

Det er så gøy å få til nye ting, og å spele med nokon du kjenner, for eksempel vener.

Foto: Sebastian Schuster på Unsplash

Å bade: Etter å spelt fotball i ei æve, er det godt å kjøle seg ned med vener i sjøen i nærleiken av der eg bur.

Badminton: Å spele badminton er ein veldig fin sommaraktivitet. Eg spelte badminton i sommarferien med foreldrene mine i fjor, det var veldig kjekt.

Båt: Pappa og broren min er veldig gode på å køyre båt om sommaren. Har du nokon gong prøvd å sitte i tube? Det må du prøve! Det er veldig gøy. Det er kanskje skummelt i starten, det er det for meg første gong kvar sommar, men når du har prøvd om og om igjen er det veldig gøy, og du vil aldri forlate den tuben.

Sykle: Å sykle med vener er nesten det beste. Vi køyrer eletriske sparkesyklar. Det er godt nok til å få oss ut om sommaren, i staden for å ligge inne på skjerm heile tida.