Min drøymeferie er å symje med grisar på Bahamas

MEINING: Den beste ferien for meg hadde vore å få reise til ein stad der eg kan kose meg i varmen, som Bahamas, Fiji eller San Marino.

Men om eg ville ha ei slags kul oppleving, hadde eg sikkert dratt til Japan eller Frankrike. Dersom eg fekk velje heilt sjølv, hadde eg tatt ein månad på kvar stad. Først ville eg pakke eit kamera og nokre fine badedraktar for å reise til Bahamas eller Fiji. Der skulle eg bada heile dagen i krystallklart vatn.

Eg har sett på YouTube at ein kan symje med grisar på Bahamas, og det ser heilt vilt ut! Eg ville også budd i ei sånn hytte som står på stolpar ute i sjøen, sånn at eg kunne hoppa rett ut i vatnet frå senga. San Marino høyrdest også spennande ut fordi det er eit superlite land inni Italia, og eg elskar pizza. Det hadde vore utruleg kult å sjå dei gamle borgene på fjellet der.

Etter nokre veker med berre bading hadde eg sikkert kjeda meg litt. Då hadde eg trengt dei kule opplevingane. I Japan ville eg reist rett til Tokyo. Eg har lyst til å sjå alle dei stilige neonlysa, besøke eit kjøpesenter og kjøpe masse rart godteri som vi ikkje har i Noreg.

Etterpå hadde turen gått til Europa. I Frankrike må eg sjølvsagt sjå Eiffeltårnet og eta nysteikte croissantar til frukost kvar dag.

Dette er min drøymeferie om eg kunne velje kva eg ville og berre skulle kose meg og ikkje tenke på pengar.