Eit seismometer ved Universitetet i Bergen registrerte fleire tydelege utslag under kampen. Dei største utslaga kom då Erling Haaland skåra mål, skriv NRK.
Eit seismometer er eit instrument som blir brukt til å måla rørsler og vibrasjonar i bakken.
– I dei seismiske dataa ser me tydelege utslag på tidspunktet for fleire viktige hendingar i kampen, noko som viser korleis store menneskemengder kan skapa målbare vibrasjonar i bakken, skriv forskingsinstituttet Norsar.
Mange såg kampen
Forskarane kunne sjå utslag då kampen starta, då laga skåra mål, då Irak fekk gult kort og då kampen var slutt.
Kampen engasjerte mange. På det meste såg 1.476.000 sjåarar kampen på TV 2.
Når mange menneske hoppar, klappar og jublar samtidig, kan det altså vera nok til at måleinstrumenta registrerer ristingar i bakken.























