– Det er stort å debutere i VM og score to mål og vinne kampen. Eg er superhappy. Det var moro, sa Erling Braut Haaland til VG etter at det norske laget i natt slo Irak i meisterskapsdebuten.
I den første norske VM-kampen på 28 år, var det store forventingar til at Noreg skulle slå Irak, som er rangert lågare på Fifa-rankinga.
Ivrige supporterar samla seg til kamp over det ganske land, sjølv om kampen starta ved midnatt.

Folk var samla til fotballfest på Ullevaal stadion i Oslo under kampen mellom Noreg og Irak. Foto: Lise Åserud / NTB
Ujamn kamp og mykje nervar
Trass det komfortable sluttresultatet 1-4, gav irakarane dei norske favorittane sterk motstand.
– Det var ein ujamn kamp frå vår side, særleg med ball. Dei var veldig godt organiserte, sa landslagssjef Ståle Solbakken om motstandarane etter kampen, ifølgje TV 2.
Heldigvis leverte han som mange meiner er verdas beste spiss då det gjaldt. Først sørga Haaland for at Noreg tok leiinga, og då Irak utlikna, var jærbuen rask med å score enda eit mål.
Til NRK innrømmer superspissen at han kjente på presset før kampstart.
– Det var mykje nervar. Eg vil seie at det er litt press på meg om å score mål. Det gjorde eg heldigvis. Det er mykje press, men eg klagar ikkje på det, eg lever i noet og nyt det. Eg er glad og stolt over at vi vann.

Erling Braut Haaland går smilande av bana etter å ha slått Irak i meisterskapsdebuten. Foto: AP Photo/Charles Krupa
Vellukka bytte
Solbakken fortel at dei kritiserte drikkepausane denne gongen var til Noregs fordel, og at dei fekk gjort gode endringar i dei.
Innbytarane Leo Østigård og Kristian Thorstvedt sette også preg på kampen mot slutten. Østigård hadde knapt kome på bana før han heada inn 3–1 målet, og Thorstvedt var involvert i det som til slutt blei ståande som eit sjølvmål for Irak.
No leiar Noreg VM-gruppa på målforskjell framføre Frankrike. Med sigeren over Irak er det gode sjansar for å gå vidare frå gruppespelet.
Måndag 23. juni ventar neste kamp i gruppespelet mot Senegal, før verdsmeistrane frå 2018, Frankrike, står for tur fredag 26. juni.





















