Forskarar meiner det finst fleire grunnar til at flaue minne festar seg så godt i hjernen.
– Forklaringa er ganske enkel, seier hjerneforskar Benjamin R. Kanter til Ung.Forskning.no.
Når noko flautt skjer, tenkjer mange mykje på det etterpå. Me speler situasjonen tilbake i hovudet og grublar på kva me sa eller gjorde. Då blir minnet sterkare.
Forskarane seier at hjernen hugsar ting som skil seg ut. Det kan vera noko veldig morosamt, skummelt – eller flaut.
Når me kjenner sterke kjensler, slepper hjernen ut stoff som gjer at minnet festar seg ekstra godt.
– Det er som om minnet blir limt fast, forklarer Kanter.
Kan hjelpa oss å læra
Forskarar meiner også at det kan vera nyttig å bli flau.
Menneske har alltid levd saman i grupper. Då har det vore viktig å forstå kva som passar seg og ikkje. Om nokon gjorde noko veldig flautt, kunne det hjelpa dei å hugsa situasjonen og lære til neste gong.
Du hugsar det meir enn andre
Mange føler at alle andre hugsar dei flaue augneblinkane deira. Men ofte stemmer ikkje det.
Forskarane seier at folk flest er mykje meir opptekne av sine eigne feil enn av kva andre har gjort.
Det betyr at andre truleg gløymer det flaue mykje raskare enn du sjølv gjer.






















