Derfor er det viktig å gløyma

Har du nokon gong gått inn på rommet ditt og gløymt kvifor du gjekk dit? Eller kanskje du har gløymt namnet på ein person du nettopp møtte?

Då er du ikkje åleine. Faktisk meiner forskarar at det å gløyma er ein viktig jobb hjernen gjer kvar einaste dag.

– Gløymsla lukar ut det me anten ikkje bør hugsa eller ikkje treng å hugsa, seier hjerneforskar Martin Bystad til Forskning.no.

Kvar dag får hjernen vår inn enorme mengder informasjon. Om me skulle hugsa absolutt alt, ville det vorte vanskeleg å finna fram til det som faktisk er viktig.

– Hjernen må trekkja ut det mest relevante. Om ikkje druknar me i irrelevante detaljar, seier Bystad.

Irrelevante detaljar er detaljar som ikkje er viktige eller nyttige i samanhengen. Derfor ryddar hjernen litt opp, omtrent som når du ryddar på rommet ditt.

Hjelper oss vidare

Av og til kan det vera fint å gløyma ting som har vore triste eller ubehagelege.

Bystad meiner gløymsle kan hjelpa oss vidare etter vanskelege opplevingar.

– Om du skal koma deg vidare etter at noko ubehageleg har skjedd, må hjernen tona det ned, seier han.

Forskaren forklarer at gløymsle kan verna oss mot å bli sitjande fast i vonde tankar og minner.

Gløymer namn og ord

I ein studie undersøkte forskarar korleis minnet fungerer hos personar over 65 år. Dei fann at mange ofte gløymer namn eller leitar etter ord når dei snakkar. Det betyr ikkje nødvendigvis at noko er gale. Slike forgløymingar er heilt vanlege.

Forskarane trur mange bekymrar seg unødvendig mykje når dei gløymer ting. Stress, lite søvn og det å vera sliten kan nemleg gjera det vanskelegare å hugsa.

Så om du kjenner deg gløymsk, kan det vera lurt å sjekka om du får nok søvn og kvile.