23. april er dagen flest i landet har bursdag

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har nesten 14 000 nordmenn bursdag i dag 23. april. Det gjer datoan til den vanlagste å ha bursdag på i Noreg.

Det skriv TV2.

April er også den månaden i året det er vanlegast å ha bursdag i.

Dette kan rett nok endre seg. Dei siste åra har flest barn blitt født i juli og august. Med det kan dette bli dei store bursdagsmånadane om nokre år.

Færrast bursdagar

Skotårsdagen er datoen færrast har bursdag på. Skotårsdagen er 29. februar – ein dato som berre kjem kvart fjerde år når det er skotår. Då har 3211 personar bursdag.

25. desember har 9653 personar bursdag noko som gjer dette til datoen nest færrast nordmenn har bursdagen sin. Desember er også den månaden som færrast har bursdag i.