Dronninga av England har to bursdagar

Det er ikkje kven som helst som kan skryta av at dei har to bursdagar – men det kan dronning Elizabeth II.

GIF: giphy.com

I går fylte dronning Elizabeth II 96 år, og i år har ho vore dronning i heile 70 år! Men sjølv om ho hadde sin faktiske bursdag i går, nøyer ho seg ikkje med ei enkelt feiring.

Dronninga har nemleg to bursdagar – ein den 21. april, og ein seinare på året. Den andre bursdagen feirar ho fast den andre helga i juni.

Men korleis er det eigentleg mogleg? Kvifor har ho to bursdagar, og korleis feirar ho dei?

Over hundre år gamal tradisjon

Tradisjonen ved å feira to bursdagar, kjem frå gammalt av i det britiske kongehuset.

Det heile starta med oldefaren til Elizabeth, Edward VII.

Han var konge frå 1901 til 1910, og var fødd i november. Men sidan november ikkje er månaden for det beste vêret i Storbritannia, bestemte han seg for å kombinera feiringa med ein stor og årleg militærparade om sommaren, skriv BBC Newsround.

Denne tradisjonen har dronning Elizabeth ført vidare.

Familietid og folkefest

Dronninga pleier å feira den ordentlege bursdagen sin i april, saman med familien. Dagen blir markert med saluttar, lik dei som er i Noreg på 17. mai, tre forskjellige plassar i London.

Det blir skote salutt med 41 kanonar i Hyde Park, med 21 kanonar i Windsor Great Park og med 62 kanonar ved Tower of London.

Derimot går den ordentlege feiringa føre seg den andre helga i juni. Då er det vanlegvis ein stor parade i London, der meir enn 1400 soldatar, 200 hestar og 400 musikarar stiller opp for å laga fest.

Det er tradisjon at kongefamilien er ein del av seremonien. Som det norske kongehuset på 17. mai, samlast dei på Buckingham Palace for å helsa på folket.