Maud Angelica fyller 18 år

I dag er den eldste dottera til prinsesse Märtha og Ari Behn myndig.

I dag er det 18 år sidan Maud Angelica kom til verda, og Ari Behn fortalde heile Noreg at ho var «ein gyllen halvmeter», skriv VG.

Maud Angelica, eller Maud som ho blir kalla i familien, har vore mykje i offentlegheita det siste halvanna året.

Årets modigaste kvinne

Ho rørte heile nasjonen då ho tala i gravferda til pappaen sin, Ari Behn, i januar i fjor.

Maud Angelica har også snakka høgt om psykisk helse, etter at pappaen hennar døydde. Han hadde det så vanskeleg, at han valde at han ikkje lenger ville leva.

Engasjementet hennar gjorde at ho vart kåra til «Årets modigaste kvinne» av magasinet Tara i fjor. Ho vart også nominert til «Årets namn» i VG.

Les også: Maud Angelica fekk pris