Kva er mensen?
- Kroppen byggjer opp ein «innside» i livmora kvar månad. Veggen inni livmora blir tjukkare og fylt med blod og næring. Dette er ikkje berre slim, men ei mjuk, litt svampete hinne av blod og vev som kroppen lagar for å vere klar til ein mogleg baby.
- Dette er ein plass der eit befrukta egg kan feste seg. Dersom det kjem eit egg som er befrukta, kan det feste seg i denne tjukke hinna og få næring der medan det utviklar seg vidare.
- Når det ikkje kjem ein baby, blir hinna kasta ut. Då treng ikkje kroppen denne hinna lenger. Han bryt ho ned, og ho kjem ut gjennom skjeden som blod. Det er dette vi kallar mensen.
I ein norsk studie har forskarar sett på kor gamle jenter er når dei får mensen for første gong. Dei fann at gjennomsnittsalderen er 12,7 år, og at han har gått ned med nesten tre månader på ti år.
Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men forskarane meiner det likevel er viktig å følgja med på, skriv NRK.
For rundt 150 år sidan fekk jenter mensen då dei var nesten 16 år.
Kva er pubertet?
At mensen kjem tidlegare betyr at kroppen til jenter startar puberteten tidlegare enn før. Puberteten er perioden der kroppen går frå å vera barn til å bli vaksen. For jenter byrjar brysta å veksa, kroppen veks raskare, og ein får mensen. Ofte kjem brystutviklinga først, og så kjem mensen etter ei stund.
Forskarane veit ikkje sikkert kvifor jenter får mensen tidlegare no, men dei har nokre teoriar. Mellom anna kan det ha samanheng med at fleire barn har høgare kroppsvekt, at stoff i miljøet kan påverka hormon, at kjemikaliar i til dømes plast og sminke spelar inn, og at stress kan ha ein effekt. Alt dette kan påverka kroppen og når puberteten startar.
Å komma tidleg i puberteten er ikkje nødvendigvis eit problem, men forsking viser at det kan ha nokre ulemper. Tidleg menstruasjon (før 11 år) kan henga saman med psykiske utfordringar og større risiko for enkelte sjukdommar seinare i livet.
Det betyr ikkje at alle som får mensen tidleg får problem – men forskarane ønskjer å forstå meir.






















