Spanske kvinner får mensen-fri

1. juni skjer det ein revolusjon for spanske kvinner. Landet er det første i Europa som innfører ei eiga lov, med rett til fri under menstruasjon.

Mensen-fri blir innført frå 1. juni.

– Halve befolkninga har menstruasjon og kvinner er ein del av arbeidsstokken. I dag veit me at psyken er viktig for jobben du gjer. I dag veit me også at menstruasjon påverkar jobb. Tjue prosent av kvinner som menstruerer, har vanskar med å jobba, og me kan ikkje lukka auga for det, seier influensar Paloma Alma til TV 2. Ho har i fleire år jobba hardt for å innføra retten til betalt fri under menstruasjon.

Vil bryta tabu

Målet med lova er å bryta tabu rundt menssmerter. Og gi eit signal om at det er greitt å vera heime frå jobb eller skule, viss kvinner slit under menstruasjonen.

Andre land som har innført liknande ordningar er Japan, Indonesia og Zambia. I Frankrike innfører matvaregiganten Carrefour det same for sine tilsette.

Burde norske jenter/kvinner også få mensen-fri?

Burde norske jenter/kvinner også få mensen-fri?

Ja!1256
Veit ikkje.18
Nei!38
Svar totalt: 1312